Sedum rosea

Farmasihistorie fagwiki
Revisjon per 23. jan. 2017 kl. 15:06 av Bjarne (diskusjon | bidrag) (Eigenskapar etter tradisjonen)
Hopp til: navigasjon, søk
Fil:Rhodiola rosea.jpg
Rhodiola rosea = sedum rosea

Rhodiola rosea, synonym: sedum rosea

  1. norsk: rosenrot, bergbukk, fjellkrans, kalvedans
  2. dansk: almindelig rosenrod
  3. islandsk: burnirót, blodrót, svæfla
  4. svensk: rosenrot, systerrot, kalvdans, takgull, fjällkaktus, smörbukk
  5. engelsk: roseroot, golden root, Aaron´s rod, King´s crown, arctic root, orpin rose
  6. tysk: Rosenwurz
  7. fransk: rhodiola
  • Crassulaceae, bergknappfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: jordstengel, rotstokk, blad og stengel.
  • Bruk: prydplante / mat / medisin.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Rosenrot har vist seg å ha eigenskapar som tilsvarar verknaden av ginseng, ja, det er dei som påstår at rosenrot overgår ginseng når det gjeld gode eigenskapar. Rosenrot vert rekna som eit rasktverkande adaptogen, det vil sei at rota raskt aukar kroppens allmenne tilpassingsevne og dermed motstandskrafta. Rota minskar utskiljinga av stresshormon og er blodtrykks- og blodsukkerregulerande, kolesterolsenkande, regulerar kaliumkonsentrasjonen i blodet, betrar oksygenopptaket og verker generelt styrkande, er prestasjonsaukande, hjartestimulerande, smertestillande, urindrivande og skal verna mot kreft. Rosenrot er ellers ein kraftig antioksidant og rekna som eit antidepressivt middel og eit afrodisiakum.

Utvortes

Å vaska håret rosenrotavkok, eller å gni inn hårbotnen med ein olje som inneheld rosenrotekstrakt, skulle både gje god hårvekst og eit velluktande hår. Rosenrot var kjent som et hudvernande middel, og det vart laga ein graut av havremjøl og rosenrot som vart brukt på forstuvinger og liknande. Bruk av rosenrot som sårmiddel er òg kjent. På Island, Grønland og Færøyene vart friske, opphakka røter blanda med smør og brukt som salve på sår. For å dempe revmatiske smerter vart oppmalen rosenrot pakka inn i eit stykke lintøy, varma opp og lagd på dei vonde stadane. Carl von Linné omtalte rosenrota som eit astringerende (sammentrekkjande) middel som kunne brukes til behandling av brokk, utflod, hysteri og hovudverk.

Rosenrot som mat

Rosenrot har òg vore brukt til mat, både i Norge og andre nordlege strøk. Rota vart kokt og blanda i gryterettar, eller blada vart etne direkte. Frå Nord-Norge kjenner vi til at rosenrot også har vore brukt som dyrefôr. Det var særleg i vårknipa rosenrot vart nytta som naudfôr, nettopp på den tida av året då skjørbuken herja som verst. Rosenrot utmerkar seg ved å vera ei av dei tidlegaste vårplantene på kysten og var i tillegg så vanlig at ho kunne nyttast i større målestokk.





Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5


Eksterne lenkjer


Nynorsk