Allium schoenoprasum
Allium schoenoprasum
- norsk: grasløk
- islandsk: graslaukur
- dansk: purløg
- svensk: gräslök
- engelsh: chives
- tysk: Schnittlauch
- fransk: cive, ciboulette
- Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
- Gammal klosterplante.
- Brukte plantedele: blad, bladsaft og blomst.
- Bruk: krydder / mat / medisin / magi
- Er ikkje med i legemiddelverkets urteliste.
- Eigenskapar etter tradisjonen
Makkdrivande, stoppande og urindrivande, smertestillande og svakt roande.
- Utvortes
Betennelsesdempande og sårheilande, smertestillande, avkjølande, mjukgjerande og sopphemmande, brukt ved fotsopp, munnsår, vondt i munn og hals. Plassert rett i tannholet fekk ein hjelp ved tannverk, friske blad til massasje lindra gikt. På byllar og betente sår virka knust / tygd grasløk som trekkplaster og "drog ut det vonde".
Rå grasløk var nyttig ved "fullskap" og gav "lyst til kvinner" og gav hjelp ved hard mage. Tatt med vin var grasløken god mot hoggormbit og mot "alskens gift". Grasløk hadde òg evna til å halda vonde ånder og vette borte, det var nok å ha ei potte med grasløk innandørs.