Helianthus tuberosus

Farmasihistorie fagwiki
Revisjon per 13. feb. 2019 kl. 17:18 av Bjarne (diskusjon | bidrag)
(diff) ←Forrige versjon | se nåværende versjon (diff) | Neste versjon→ (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Helianthus tuberosus

Helianthus tuberosus

Tuber = knoll, tuberosus/tuberosum = med mange knollar


  1. norsk: jordskokk, jordeple, jordpære, jerusalem-artisjokk
  2. dansk: jordskok
  3. svensk: jordärtskocka
  4. islandsk : ætifífill
  5. engelsk: Jerusalem artichoke, topinambour, sunroot, sunchoke, earth apple
  6. tysk: Topinambur, Erdbirne, Erdartischoke
  7. fransk: topinambour, artichat de Jérusalem, truffe du Canada, soleil vivace
  • Asteraceae (Compositae), korgplantefamilien, rotknollane er fleirårige.
  • Gammal kulturplante frå Nord-Amerika
  • Brukte plantedeler: rotknollar, unge skot, blomst
  • Bruk: mat / pryd / leplante
  • Det er ingen urtemedisinske tradisjonar knytte til jordskokk.

Etter tradisjonen

Jordskokken er ei fleirårig grønsak. Planta kjem frå Nord-Amerika der jordskokk vart dyrka og brukt til mat av lokale folk, lenge før europearane kom dit. I enkelte land blir namnet Topinambur brukt om jordskokken. Det er avleidd etter namnet på folkegruppa Tupinambas. Det engelske namnet Jerusalem artichoke skal vera ei omtolking av det italienske ordet for solsikke girasole til Gerasolima, som så er forvanska til Jerusalem. Jordskokken er i nær slekt til solsikka Helianthus annuus (annuus = som varer eitt år).

Til Europa kom jordskokken kring 1550 og til Norden kring 100 år seinare. Før poteta, Solanum tuberosum, vart populær, var jordskokken i bruk omtrent som poteta vart seinare. Jordskokken er vinterherdig og kan i prinsippet stå ute heile året. Det kan ikkje poteta, men ho ber rikare avling og monnar meir, difor vart jordskokken fortrengd av poteta frå kring 1850 og utover. Likevel var det nokre som heldt fram med dyrkinga, og berre i Norge skal det finnast over 40 ulike sortar jordskokk. Langs kysten frå Austfold til Vest-Agder skal det òg finnast forvilla koloniar av jordskokk.

Knollane som kan variera i både storleik og fasong, alt etter sort og vekstvilkår, veks på dei underjordiske stengeldelene og er vel eigna til menneskeføde. Dei er saftige og sprø og har ein litt nøtteaktig smak. Dei kan godt etast med skalet på. Om dei vert skrella er det lurt å legga dei i kaldt vatn med litt eddik eller sitron for å hindra mørkfarging. Dei kan brukast til måltidet i staden for gulrot eller i grateng, stuingar og supper. I bakverk kan puré av jordskokk erstatta 20 - 50 % av kveitemjølet. Det søte polysakkaridet inulin gjer at sukkermengda i bakverket òg kan reduserast.

Den vakre solgule blomsten kjem seinhaustes. Dei overjordiske delene av planta som visnar ned kvar haust, kan variera mellom ein og tre meter, også avhengig av sort og vekstvilkår. Stenglane er så stive og sterke at dei kan nyttast som leplanting. Unge skot og blad skal òg kunna brukast til menneskeføde.

Jordskokk er god både som råkost og kokt (i 6 - 8 minutt). Ingen andre grønsaker har så høgt innhald av inulin. I motsetning til poteta inneheld ikkje jordskokken stivelse, difor er jordskokken særleg godt eigna til bruk av diabetikarar. Inulin som har ein søt smak, går umelta gjennom tarmen og vert rekna som eit kostfiber.

Litteratur

  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlström & Widstrand, 2000. ISBN 91-46-17679-9
  • Ljungquist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Michelsen, Margunn Ree, Renessanse for gammel kulturplante. Artikkel BT 24.10.2003
  • Olesen, Anemette: Fra oldemors kjøkkenhage, norsk utg. Ellen Holm Stenersen, Kirja forlag, Oslo, 1995.

ISBN 82-7758-003-7