Wikien er satt opp på bokmål, men der finnes også artikler på nynorsk. Programvaren gjør at det da kan forekomme bokmålsord også på disse sidene. Vi beklager.
Sempervivum tectorum
Farmasihistorie fagwiki
Sempervivum tectorum
- norsk: takløk
- dansk: almindelig husløg
- svensk: taklök, äkta taklök
- engelsk: houseleek, roof houseleek, sengreen, ayegreen, ayron, Thor´s beard, hens and chicks
- tysk: Dach-Hausewurz, Hauswurz, Donnersbart
- fransk: joubarbe des toits
- Crassulaceae, bergknappfamilien, fleirårig.
- Gammal klosterplante.
- Brukte plantedeler: friske blad, bladsaft.
- Bruk: prydplante / brannførebyggjande plante på torvtak / medisinplante / mat.
- Takløk er ikkje klassifisert eller nemnd i legemiddelverkets urteliste.
Eigenskapar etter tradisjonen
Samantrekkjande og sårheilande, kjølande, smertelindrande og betennelsesdempande, mjukgjerande og roande, krampeløysande, magestoppande, drivande på urin og innvollsorm.
Utvortes
Bladsafta har vore brukt mykje godt slik som vi kjenner til bruken av aloe vera i dag, ved nær sagt alle hudplager, og kanskje særleg ved ymse forbrenningar, varme- og solskader.
Uttrekk av takløk, eller knuste blad, vart lagde som kompress eller som grautomslag på hovne område, på ringorm, helveteseld, insektsstikk og annan kløe, vorter og liktorner.
Takløksafta vart det òg påstått kunne bleika fregner.
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.