Wikien er satt opp på bokmål, men der finnes også artikler på nynorsk. Programvaren gjør at det da kan forekomme bokmålsord også på disse sidene. Vi beklager.
Meum athamanticum
Farmasihistorie fagwiki
Meum athamanticum
- norsk: bjørnerot, bjønnrot, karriplante
- dansk: bjørnerod
- svensk: björnrot
- engelsk: spignel, baldmoney, bearwort, meu
- tysk: Bärwurz, Bärenfenchel, Bärkümmel, Dillblattwurz, Köppernickel
- fransk: baudremoine, cistre, fenouil des Alpes, meum
- Apiaceae, skjermplantefamilien, fleirårig.
- Brukte plantedeler: blad, blomst, rot.
- Bruk: prydplante / krydder / medisin / magi.
- Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
Eigenskapar etter tradisjonen
Appetittstimulerande og fordøyingsfremjande, skulle hjelpa mot "stærke Vinde", mykje brukt for å stimulera lyst og auka potens. Bjørnerot vart òg brukt mot hoste og som kur mot slamgebit.
Nicholas Culpeper (1616-1654) skriv, omsett frå engelsk, pulverisert rot saman med fast sukker, rørt ut i kvit vin, øl eller vatn, tatt inn morgon og kveld, mange dagar på rad, lettar menstruasjon og utflod etter fødselen og forenklar sjølve fødselen og etterbyrden.
Bjørnerot er gjerne rekna som vårt eldste krydder, er ei av dei gamle, litt "magiske" urtene.
Aftørrede, friske Urter trækkes som The, drikkes på Snaps i tre Uger mod Impotens.
eller
Roden drikkes udtrukket i Snaps og gifver Manden Biørnens Styrke og ligervis Potens.
Bjørnerot har lange tradisjonar som brennevinskrydder, utan at eventuell biverknad nødvendigvis var påtenkt eller ynskt.
Rota har ein kraftig, pikant aroma som har sett smak på mang ei suppe opp gjennom tidene. Friske, klipte blad har vore brukt som grønt, velsmakande dryss på maten.
Litteratur
- Allen & Hatfield: Medicinal Plants in Folk Tradition. An ethnobotany of Britain & Ireland, Cambridge, Timber Press Inc. 2004. ISBN 0-88192-638-8
- Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
- Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
- Culpeper´s complete herbal, London, W. Foulsham & Co. Ltd. ISBN 0-572-00203-3
- Darwin, Tess: The Scots Herbal. The Plant Lore of Scotland, Edinburgh, Birlinn Ltd. 2008. ISBN 978-1-84158-711-0
- Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
- Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
- Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
- McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
- Olesen, Anemette: Lægeplanter fra danske urtehaver, København, Frydenlund Forlagene, 2000. ISBN 87-7887-044-5
Eksterne lenkjer
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.